Ingen tog mellom Noreg og Sverige i sommar

Sjølv om delar av Sverige no blir grønt og koronatiltak stadig blir opna opp, opplyser Jernbanedirektoratet at det ikkje vil bli tog mellom Noreg og Sverige.
innenriks

– Årsaka til dette er at forventa etterspurnad vil vere beskjeden sjølv om regjeringa endrar reiseråda frå 5. juli. Vidare må det etablerast løysingar for grensekontroll etter same modell som på flyplassar, heiter det i ei melding frå direktoratet, ifølgje NRK.

På strekninga Oslo-Stockholm blir det buss for tog mellom Oslo og Karlstad.

På grunn av vedlikehaldsarbeid er det uansett stort sett buss på mange strekningar i sommar, spesielt rundt Oslo-området.

(©NPK)