Venstre opnar for å erstatte Raudt som samarbeidspartiet til byrådet

Venstre held døra open for å samarbeide med det raudgrøne byrådet dersom stemninga surnar med Raudt etter mistillitsforslaget mot Lan Marie Berg.
innenriks

Det seier Venstres gruppeleiar i Oslo bystyre, Hallstein Bjercke, til Klassekampen.

– Det har ikkje vore ein del av vurderinga vår i denne saka. Vi har sett på korleis byråden har handtert saka. Men Venstre er eit konstruktivt opposisjonsparti, og har vi har fleire gonger danna fleirtal med byrådet i denne perioden. Mellom anna den største saka i heile perioden, Filipstad-planen. Vi er opne for å samarbeide med begge sider i politikken i Oslo, så lenge vi får gode grøne løysingar, seier han.

Til liks med Raudt har Venstre varsla støtte til eit mistillitsforslag til Lan Marie Berg (MDG) som følgje av handteringa av budsjettsprekken i samband med ny reservevassløysing for Oslo.

Gruppeleiar Eivor Evenrud i Raudt seier det er opp til byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) å vurdere korleis saka påverkar samarbeidsklimaet.

– Vi har ikkje ein samarbeidsavtale lenger. Og eg trur verken vi eller dei raudgrøne partia ønskjer å samarbeide med høgresida. Men dette må Raymond Johansen svare på, seier Evenrud.

Ho legg likevel til at Raudt framleis ønskjer å vere den føretrekte budsjettpartnaren til byrådet.

(©NPK)