Støre vil fjerne kompetansekravet for lærarar

Arbeidarpartiet sa ja då dei nye kompetansekrava for lærarar vart innførte, men leiar Jonas Gahr Støre har no endra meining og vil fjerne kravet.
innenriks

Ved eit regjeringsskifte i haust vil Arbeidarpartiet fjerne kravet før jul, skriv VG.

– Vi vil dei første hundre dagane gå inn for å avlyse denne avskiltinga av lærarar utdanna før 2014 som ikkje fyller på med påkravd fagkompetanse innan 2025, seier Støre.

Han seier at han har endrar meining etter å ha sett konsekvensane av kravet. Også karakterkravet kan ryke.

– Ap vil fjerne firar-kravet, og erstatte det med meir tilpassa opptakskrav, seier utdanningspolitisk talsperson Torstein Tvedt Solberg.

(©NPK)