Opposisjonen sender ny bestilling til koronakommisjonen

Eit fleirtal på Stortinget vil be koronakommisjonen sjå på intensivkapasitet, kommunehelsetenesta og situasjonen for eldre og funksjonshemma.
innenriks

Det er klart etter at Framstegspartiet tysdag ettermiddag signaliserte støtte til tre forslag frå Senterpartiet og Arbeidarpartiet.

Stortinget vil be koronakommisjonen om å:

* vurdere behovet for sengekapasitet og intensivberedskap

* vurdere situasjonen for legar i kommunane

* gjennomgå konsekvensane for eldre og personar med nedsett funksjonsevne

(©NPK)