Død mann funnen i Molde

Ein mann i byrjinga av 60-åra er funnen død utandørs, like i nærleiken av sin eigen bustad på Kvam i Molde.
innenriks

– Politiet undersøkjer saka. Vi har ingen haldepunkt så langt for at det skal ha tilstøytt avdøde noko. Pårørande er varsla, opplyser Møre og Romsdal politidistrikt.

– Han vart observert av forbipasserande i 15.30-tida. Vi rykte ut med ambulanse og politi, seier operasjonsleiar Tor André Gram Franck til NTB.

(©NPK)