Klart for nye rundar om ulvestriden i Høgsterett

Ankesaka om ulvejakta startar onsdag i Høgsterett. Allereie før dørene til rettssalen blir opna, kan den betente ulvestriden fort ende opp i Stortinget på nytt.
innenriks

Høgsterett skal behandle anken over dommen frå Borgarting lagmannsrett som kom i januar i fjor. Her fekk WWF Verdsnaturfondet medhald i at to av tre vedtak om felling av ulv i 2017 var ugyldige.

– Lagmannsretten gav oss medhald i fleire vesentlege delar av saka. Til dømes viser dommen at styresmaktene har senka terskelen for å skyte ulv mykje meir enn det lovverket gir dei høve til. Den viser òg at det at ulven går ut av ulvesona, i seg sjølv ikkje er nok til at den kan skytast, seier generalsekretær Karoline Andaur i WWF.

Miljøorganisasjonen har likevel teke saka til Høgsterett. Dei meiner dommen frå lagmannsretten ikkje gir avgjerande svar på spørsmål om tryggleiken for sårbar natur i Noreg.

Tre ulvekvalpar

Motparten, som også anka saka til Høgsterett, er Klima- og miljødepartementet med partshjelp av Norges Bondelag, Norskog, Noregs Skogeierforbund og Utmarkskommunenes Sammenslutning.

Lagmannsretten fastslo at vedtaka frå 1. desember 2017 og 7. februar 2018 om lisensfelling i Julussa- og Osdalen-revira og felling av tre ulvekvalpar i dei same revira var ugyldige. Men streifvedtaket frå 1. desember 2017 er gyldig, fastslo lagmannsretten.

Retten meiner vedtaket som var grunngitt med behovet for å redusere faren for alvorleg skade på beitedyr og husdyr, var innanfor rammene til lovføresegna. Dei tre dommarane delte seg i eit fleirtal og eit mindretal.

Behandlinga av ankesaka i Høgsterett går i fem dagar frå onsdag 3. mars til tysdag 9. mars.

Miljøministeren

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) seier no at han ser fram til å få ei klargjering frå Høgsterett.

– staten anka dommen til Høgsterett fordi vi meiner vedtaka om lisensfelling av flokkane Osdalen og Julussa er innanfor rammene i lova. Mange har sterke meiningar om kor mykje ulv vi bør ha i Noreg. Men uavhengig av om ein er for eller mot lisensfelling av ulv, må vi ha klårleik i kva for nokre rettslege rammer som gjeld, seier han.

Vinteren 2017 og 2018 gav dei regionale rovdyrnemndene løyve til å felle inntil 50 ulvar. Etter ei klage til Klima- og miljødepartementet vart den totale kvoten redusert til 42 ulvar. Blant ulvane som vart felte, var 19 dyr i flokkane i Osdalen og Julussa, som heldt til på grensa til ulvesona. Tre av dyra vart skotne innanfor ulvesona.

Ulvesona er det området der Stortinget har bestemt at ulven skal ha leveområdet sitt.

Fleirtal i Stortinget

Norges Bondelag seier det er riktig å få ei avklaring om i kva grad ulvestammen kan forvaltast i tråd med vedteken politikk. Dei understrekar at staten fekk støtte i dommen på at det kan skytast streifulv på grunn av skadepotensial utanfor ulvesona.

– Skulle staten tape, set det i praksis stortingsforliket frå 2016 ut av funksjon. I så fall forventar vi umiddelbare politiske initiativ for å ta vare på viljen til stortingsfleirtalet i rovdyrpolitikken, seier talsperson og rovviltansvarleg Erling Aas-Eng i Bondelaget.

WWF meiner at det vil vere lite som hindrar same behandling for andre artar viss det blir greitt å halde ulven nede på det dei seier er varig kritisk trua nivå.

– Denne saka handlar om meir enn berre ulv. Høgsterett må ta stilling til kva forpliktingar Noreg har for å ta vare på alle artar og all natur som høyrer heime i Noreg, seier Karoline Andaur.

(©NPK)