Store mengder is trua hus og campingplass i Nordfjord

Enorme ismengder trua med å øydeleggje både hus og campingvogner på Breim i Gloppen kommune i Nordfjord onsdag. Situasjonen er avklart.
innenriks

– Isproppen losna for cirka 15 minutt sidan, og no har all isen runne ned i Breimsvatnet, sa brannbefal Joar Flølo til TV 2 like etter klokka 16.30 onsdag ettermiddag.

Det var fare for at isproppen ikkje skulle losne og at isen derfor skulle renne inn på campingplassen. Det ville ført til store skadar på både hus og campingvogner.

Campingplassen vart evakuert, og fleire campingvogner vart køyrde vekk.

– Det vart litt materielle skadar, men vi har ikkje heilt oversikt over omfanget, sa Flølo.

Årsaka til hendinga var det plutselege vêrskiftet med mykje nedbør og kraftig temperaturauke, skreiv NRK tidlegare onsdag.

– Isen har losna i elveløpet oppover, så har det demt seg opp ved utløpet av elva ved campingplassen. Her er tre–fire meter med is oppover i høgda, sa Flølo til NRK tidlegare på dagen.

(©NPK)