Over 20 lekkasjar frå Mongstad dei siste fire åra

Det har vore 21 olje- og gasslekkasjar frå Equinors raffineri på Mongstad dei siste fire åra, viser tal Bergens Tidende og E24 har fått tilgang til.
innenriks

I 8 av dei 21 lekkasjane blir korrosjon oppgitt som årsak, opplyser Equinor til BT/E24. To av dei fann stad i fjor.

I oktober 2016 måtte 600 tilsette blir evakuerte frå oljeraffineriet på Mongstad etter ein hydrogenlekkasje. Ulykka skjedde som følgje av korrosjon, og Petroleumstilsynet slo i ettertid fast at liv fort kunne gått tapt.

Raffinerisjef Sturle Bergaas seier at alle hydrokarbonlekkasjar er uakseptable.

Tilsynet har fleire gonger peika på samanhengen mellom manglande vedlikehald og alvorlege lekkasjar. Også tillitsvalde har uttrykt uro for vedlikehaldet, skriv E24.

Raffineriet har sidan 2016 lagt meir pengar i vedlikehald. I fjor vart det brukt dobbelt så mykje pengar som i 2016.

– I fjor brukte vi 1,3 milliardar på vedlikehald. I år kjem vi til å bruke rundt 1,7 milliardar, seier Bergaas.

(©NPK)