Regjeringa vil finne Noregs mest attraktive by eller tettstad

Regjeringa ønskjer innspel frå befolkninga for å finne og premiere Noregs mest attraktive by eller tettstad.
innenriks

– Vi treng levande og attraktive lokalsamfunn over heile landet. For å vise fram dei beste døma, vil regjeringa dele ut ein pris til Noregs mest attraktive by eller tettstad, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).

No ber han og regjeringa om innspel – og alle kan nominere kandidatar på nettsida attraktiv by.

– Viss vi skal ta heile landet i bruk, treng vi sterke småbyar og attraktive lokalsamfunn som kan fungere som kraftsenter i regionen sin, seier Astrup som håpar på mange nominasjonar frå småbyar og tettstader.

Attraktiv bypris vektlegg berekraft, nyskaping, god planlegging og samarbeid mellom næringsliv, kommunen og lokalsamfunnet.

– Vi leitar etter stader som bidreg til å nå berekraftsmåla ved å satse på betre miljø og helse for innbyggjarane, og trivsel, stoltheit og tilhøyrsel, seier Astrup.

(©NPK)