Nytt tilfelle av mutert virus i Horten

Det er påvist eitt tilfelle av den britiske koronavirusmutasjonen i Horten i Vestfold. Smitten skal ha skjedd i utlandet.
innenriks

Kommunen fekk tilfellet stadfesta måndag formiddag, skriv Gjengangeren.

– Dette tilfellet er smitta i utlandet og er handtert i tråd med reglane om isolasjon og karantene av nærkontaktar. Så langt tyder alt på at ein har lykkast i å hindre vidare smitte frå dette tilfellet, heiter det i ein rapport frå kommunen til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.

Kommunedirektør Ragnar Sundklakk seier dei har kontroll på situasjonen.

Totalt er det påvist 70 tilfelle av den britiske koronavirusvarianten i Noreg. Dei fleste er enkelttilfelle knytte til utlandet, men i utbrotet i Nordre Follo er det registrert smitte internt i Noreg.

(©NPK)