Politiet innskrenkar evakueringsområdet

Politiet har fredag godkjent NVEs tilrådingar om innskrenking av evakueringsområde. Evakueringa av delområde C blir oppheva fredag kveld.
innenriks

«Basert på grunnundersøkelser og geoteknisk vurdering anbefaler Multiconsult og NGI at evakuering av delområde C kan oppheves, og at området kan tas i bruk», skriv NVE i tilrådinga si.

Evakueringa av dette området blir oppheva fredag kveld, og kommunen varslar bebuarane om dette, opplyser Gjerdrum kommune på nettsidene sine.

Tilrådinga byggjer på resultat frå utførte felt- og laboratorieundersøkingar, som viser at det ikkje er påvist kvikkleire i borpunkta langs fylkesveg 120 på strekninga frå avkøyring til Hønsigutua og til rundkøyringa med avkøyring til Fjælstadgrenda.

NVE rår til at vestre del av rundkøyringa blir halden stengd, for å avgrense allmenn trafikk inn i eit område som ligg nært sjølve skredkanten.