Miljødirektoratet med sterk kritikk av Equinor

Etter fleire ulovlege oljeutslepp på Mongstad kjem Miljødirektoratet med sterk kritikk mot Equinor. Dei meiner Equinor-leiinga ikkje tek miljøet på alvor.
innenriks

Mellom 2015 og 2019 rapporterte Equinor inn utslepp av over 40.000 liter meir olje enn dei hadde løyve for.

Equinor meinte i 2018 at utsleppa ikkje utgjorde ein stor risiko for miljøet sidan olja ikkje spreidde seg til sjøen. Direktoratet nøgde seg derfor med å be Equinor gå gjennom rutinane for å unngå fleire uhell.

Også i 2019 og 2020 har det oppstått fleire utslepp, og utsleppa i år har òg spreidd seg til sjøen.

Equinors vurdering i 2018 er derfor ikkje riktig, ifølgje direktoratet, som brukar uvanleg krasse formuleringar i eit ferskt brev til Equinor som Aftenposten/E24 har fått innsyn i.

«Vi ser svært alvorlig på situasjonen», heiter det mellom anna i brevet.

– Spesielt

Direktoratet har hatt ei rekkje møte med Equinor-leiinga tidlegare i år. Bakgrunnen er ei frykt for at jobben med å ta vare på miljøet manglar forankring på toppnivå i selskapet.

– Det er spesielt at vi må påpeike at dette er viktig. Utfordringa er langt større enn det vi har anteke tidlegare. Situasjonen på Mongstad er på ingen måte tilfredsstillande. Vi håpar Equinor tek dette alvorleg og følgjer opp, seier seksjonssjef Harald Sørby i Miljødirektoratet til avisa.

Konserndirektør Irene Rummelhoff i Equinor opplyser i ein pressemelding at Equinor har sett i verk tiltak for å avgrense konsekvensane av oljetilsiget og at dei ser på forholda som er avdekte på Mongstad som uakseptable.

– Denne rapporten gjeld ei konkret hending på Mongstad-anlegget, som vi har granska internt og der resultata er sende over til Miljødirektoratet. Då vi vart merksam på tilsig av oljehaldig vatn i grunnen på Mongstad sette vi straks i verk tiltak for å avgrense konsekvensane av oljetilsiget. Vi har òg samla opp den aktuelle olja i sikringsbassenget, utdjupar pressetalsperson Eskil Eriksen i Equinor overfor NTB fredag kveld.

Blir meldt av Bellona

SVs Lars Haltbrekken reagerer sterkt på opplysningane og varslar at SV vil ta opp saka i Stortinget og be både klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) og olje og energiminister Tina Bru (H) om å gjere greie for korleis regjeringa har tenkt å følgje opp det statlege oljeselskapet.

– I tillegg vil vi ta initiativ til at Equinor kjem til energi- og miljøkomiteen på Stortinget for å fortelje kva dei har tenkt å gjere, seier Haltbrekken i ein kommentar til NTB.

Miljøorganisasjonen Bellona varslar at dei kjem til å melde saka.

– Vi kjem til å melde dette. Det er grov miljøkriminalitet vi står overfor. Og igjen ser vi korleis vedlikehaldsprogramma blir kutta, akkurat som på Melkøya, seier fagleg leiar Frederic Hauge.

Desse påstandane reagerer Equinor sterkt på.

– Granskingsrapporten på Mongstad-hendinga slår ikkje fast at det var kutt i vedlikehaldsprogram som var årsaka til hendinga. Hendinga på Melkøya er framleis under gransking og Bellona har ikkje grunnlag for å trekkje konklusjonar på årsakene til hendinga, understrekar Eskil Eriksen.

(©NPK)