Torsdag kan Noregs Bank overraske «alle» med hint om raskare rentehopp

Analytikarane avviser at Noregs Bank gjer store endringar i rentebanen torsdag. Men Statistisk sentralbyrå trur sentralbanken kjem til å overraske dei alle.
innenriks

– I det store og heile ventar vi at rentekomiteen gjentek bodskapen frå juni om at «styringsrenta mest sannsynleg blir halden på dagens nivå i ein tid framover», og at den nye rentebanen vil vere svært lik den frå juni, skriv sjeføkonom Kjetil Olsen og analytikar Dane Cekov i Nordea Markets i ein førehandsomtale.

– Noregs Bank vil mest sannsynleg halde styringsrenta uendra fram til 2022, konkluderer dei.

Noregs Banks rentekomité set seg ned onsdag for å drøfte den økonomiske situasjonen og rentesetjinga i lys av kva vi har i vente på nær og lengre sikt. Det som synest heilt klart, er at komiteen raskt vil komme til at styringsrenta framleis skal haldast på rekordlåge 0 prosent.

Men det knyter seg større spenning til – og betydeleg usemje om – kva Noregs Bank vil signalisere om rentesetjinga lenger framover i Pengepolitisk rapport 3/20.

Då rentebanen vart justert opp i juni – fordi den økonomiske aktiviteten hadde teke seg opp raskare enn venta – vart det oppfatta som eit signal om at styringsrenta skulle opp frå dagens nullnivå i andre halvår i 2022, med to rentehopp til året etter.

Stussa over SSB-analyse

Utviklinga sidan den gong har vore omtrent som venta – rett nok har bustadmarknaden utvikla seg litt sterkare enn det som vart lagt til grunn då, men lågare renter ute og ei vesentleg sterkare krone trekkjer renta i motsett retning – peikar sjeføkonom Kari Due-Andresen i Handelsbanken Capital Markets på.

– Det som har skjedd sidan juni, tilseier ikkje at Noregs Bank skal gjere særlege endringar i rentebanen, seier ho til NTB.

Ho seier ho stussa litt over prognosane til Statistisk sentralbyrå (SSB) for ei dryg veke sidan og føyer seg inn i rekkja av analytikarar og ekspertar som meiner byrået tek feil. SSB ventar at den første rentehevinga kjem allereie neste år.

Gitt at det ikkje kjem ei ny smittebølgje, viser prognosane at styringsrenta vil bli heva gradvis frå midten av 2021, før den endar på 0,75 prosent i slutten av 2023.

– Sidan Noregs Bank sette renta ned til 0, har vi sett ein kraftig bustadprisvekst. Dette bidreg sannsynlegvis til å skunde på første renteheving, sa SSB-forskar Thomas von Brasch til NTB då.

DNB: Mogleg framflytting

Fem av seks økonomar Dagens Næringsliv snakka med same dag, rista på hovudet over vurderingane til byrået og heldt fast på dei tidlegare analysane sine.

– Dei økonomiske utsiktene rettferdiggjer ikkje ein strengare politikk i 2021. Arbeidsløysa vil halde seg høg, kapasitetsutnyttinga er låg, og Fastlands-BNP er framleis ikkje tilbake til førpandemi-nivå. Den første renterørsla vil ikkje skje før 2022, seier sjefstrateg Erica Blomgren Dalstø i SEB Noreg til DN.

DNB Markets er samd i konklusjonen og har tittelen «ingen endringar i Noregs Banks rentebane» i sin førehandsomtale av rentemøtet. Seniorøkonom Kyrre Aamdal held likevel moglegheita open for ei framflytting av den første renteauken og ein flatare rentekurve deretter.

– Noregs Bank har signalisert uendra styringsrente fram til seint i 2022. Vi meiner ny informasjon har vore i tråd med Noregs Banks prognosar frå juni. Auka finansiell risiko blir utlikna av stigande smittetal, skriv han.

(©NPK)