Ni av ti som døydde med covid-19, hadde kronisk sjukdom

Nesten alle pasientar som døydde etter å ha vorte smitta av koronaviruset, hadde ein kronisk sjukdom ved sida av, viser tal frå Dødsårsaksregisteret.
innenriks

Folkehelseinstituttet har no gått gjennom statistikk over dødsfall i dei tre første månadene av pandemien. Tala er førebelse, så biletet kan endre seg noko når fleire meldingar om dødsårsak kjem inn.

Frå mars til mai vart det registrert 236 koronarelaterte dødsfall her i landet. Ni av ti pasientar (som svarer til 215 personar) hadde kronisk sjukdom i tillegg, og ein like stor del var personar over 70 år. Hardast ramma er pasientgruppa i 80-åra.

Viktigaste faktor

– Forenkla kan ein seie at for desse 215 dødsfalla blir covid-19 sett på som den viktigaste faktoren som leidde til døden, men ein kan ikkje seie noko om kor mykje andre dødsårsaker har bidrege, seier overlege Marianne Sørlie Strøm i Dødsårsaksregisteret ved Folkehelseinstituttet.

Berre 4 prosent av dødsfalla skjedde utanfor helseinstitusjon. Dei største fylka – Oslo, Viken og Vestland – hadde flest dødsfall.

Halvparten hadde hjarte- og karsjukdom

Over halvparten av dei som døydde med covid-19, hadde hjarte- og karsjukdom. Litt meir enn kvar tredje hadde kronisk lungesjukdom, og kvar fjerde hadde demenssjukdom. Ved mange av dødsfalla er det rapportert meir enn éin kronisk sjukdom ved sida av.

I berre 26 tilfelle er det ikkje rapportert nokon kronisk sjukdom ved sida av.

– Dette treng ikkje å bety at avdøde ikkje hadde andre sjukdommar, men legen har i så fall vurdert at desse sjukdommane ikkje har bidrege til dødsfallet, seier Marianne Sørlie Strøm.

Det er registrert 32 dødsfall blant personar under 70 år dei første tre månadene av pandemien. Også mange av desse pasientane hadde kronisk sjukdom ved sida av.