Fem nye smittetilfelle etter Hurtigruten-utbrot – «Friske» passasjerar får reise heim

Fire nye passasjerar og éin ny besetningsmedlem er stadfesta smitta etter utbrotet på Hurtigruten. Samtidig får passasjerar reise heim frå karantene i Tromsø.
innenriks

Det opplyser FHI i ei pressemelding tysdag kveld.

Dermed er det totale smittetalet no på 35 medlemmer av mannskapet og ni av passasjerane frå dei to seglasane frå MS Roald Amundsen.

– Det er registrert fire nye tilfelle blant passasjerane, eitt frå Oslo, to frå Trøndelag og eitt frå Troms og Finnmark. Dessutan var det i går éin person i mannskapet som framleis hadde uvisst prøvesvar. Dette er no stadfesta positivt, seier avdelingsdirektør Line Vold ved FHI.

Ifølgje FHI er dei ni passasjerane folkeregistrerte i seks fylke: Nordland, Oslo, Rogaland, Troms og Finnmark, Trøndelag og Viken.

– Det er viktig at alle kommunar som no får førespurnader frå passasjerar frå Roald Amundsen og seglasen 24.–31. juli, prioriterer testing, slik at vi får ei god nasjonal oversikt over konsekvensane av utbrotet og kan førebyggje vidare spreiing. Også passasjerar som ikkje har symptom, bør testast, seier Vold.

Karantene-passasjerar får forlate Tromsø

Tysdag kveld opplyser Tromsø kommune at passasjerane som har sete i karantene i byen, har fått løyve til å reise heim. Det skjer likevel under strenge vilkår.

Alle som får reise heim, har testa negativt for covid-19. Dei får ikkje bruke offentleg transport, men må fraktast i buss og bil i regi av Hurtigruten.

Undervegs på turen heim må passasjerane halde minst to meter avstand til andre. På ferjestrekningar må dei bli sitjande i bil eller buss.

Får gå i butikken og på do

Overnatting må vere avtalt på førehand. Berre nødvendige ærend i butikk, bensinstasjonar og på toalett kan gjennomførast, då med minst to meters avstand.

Passasjerane må skrive under på at dei vil følgje desse reglane på heimvegen og halde fram karantenen sin heime.

– Vi skjønner at passasjerane vil heim. Ens eigen heim er òg den beste staden å vere i karantene. Gjennom desse reglane, som er forma ut i tråd med nasjonale helsestyresmakter, sikrar vi at reisa er trygg og forsvarleg, seier kommunelege Inger Hilde Trandem i Tromsø kommune.

(©NPK)