Betydeleg beslag av GHB i Molde

Tidlegare denne veka vart det gjort eit betydeleg beslag av stoffet GHB i Molde. Politiet seier beslaget var på ti liter, som er nok til 5.000 brukardosar.
innenriks

I tillegg til GHB-stoffet vart det òg beslaglagt 700 narkotiske tablettar, og dessutan ei mindre mengd hasj, skriv Sunnmørsposten.

– Mykje tyder på at det er henta på Austlandet med hensikt at det skal omsetjast her, seier seksjonsleiar Mona Kvernberg for vakt og beredskap ved Molde politistasjon.

Kvernberg seier beslaget er eitt av dei største på lang tid.

GHB er eit sentralt dempande stoff med verknader som liknar alkohol. I alvorlege tilfelle kan det tre inn vrangførestillingar, krampar, hemma pust, medvitsløyse og i verste fall kan brukaren døy.

(©NPK)