Kleven-kontrakt kansellert: 60–70 arbeidsplassar står i fare

Atlantic Towing Shipping har kansellert kontrakten om bygging av eit forsyningsskip ved Kleven. Dagleg leiar ved verftet anslår opptil 70 tapte arbeidarplassar.
innenriks

– Kanselleringa er ikkje ønskjeleg, og betyr om lag 60 til 70 arbeidsplassar for Kleven, og i tillegg kjem underleverandørar. Å finne ein ny kjøpar av skipet vil prioriterast framover, seier dagleg leiar Kjetil Bollestad til E24.

Skipet var eitt av to som var under bygging ved Kleven då verftet gjekk konkurs 3. juli. Bollestad vil førebels ikkje kommentere kor mykje verftet har fått betalt for jobben som er gjord med forsyningsskipet.

Klokka 10 er det allmøte ved Kleven verft. Til E24 vil ikkje den nye eigaren sjå bort frå oppseiingar eller permisjonar. Verftet har om lag 440 tilsette.

Det var Nett.no som først omtalte den kansellerte Kleven-kontrakten.

(©NPK)