NSO fryktar at studentar må avbryte studiane for å klare seg økonomisk

Norsk Studentorganisasjon (NSO) er misnøgd med den tredje tiltakspakken til regjeringa. Dei fryktar at studentar må avbryte studiane for å klare seg økonomisk.
innenriks

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til bygging av studentbustader, men dei sikrar ikkje studentane økonomiske støtteordningar for inntektsbortfall gjennom sommaren.

– Sjølv om studiane og Lånekassen tek ferie, tek ikkje rekningane ferie. Dette vil medføre at mange studentar må ta opp dyre forbrukslån for å klare seg gjennom sommaren, noko som vil setje mange i ein svært sårbar og vanskeleg økonomisk situasjon, seier leiar Marte Øien i NSO.

– Vi fryktar at dette kan føre til at fleire avbryt studiane for å klare seg økonomisk, seier ho vidare.

Sju av ti studentar er avhengig av ekstrainntekt frå ein deltidsjobb eller frå ein sommarjobb for å klare utgiftene. Inntektsbortfallet har regjeringa og Stortinget i hovudsak teke vare på gjennom ei enkeltutbetaling frå Lånekassen, som skulle dekkje for mai og juni.

Men i tiltakspakke tre er det ingen forslag for å gi inntektssikring for studentane i dei kommande månadene.

(©NPK)