Oppseiing av avtale om plastsøppel kan hamne i retten

Oslo kommune vil vurdere om det er lovleg at Plastretur AS seier opp avtalen om å ta imot plastsøppel.
innenriks

– Kommunen vil vurdere om Grønt Punkt Noreg har lov til å fråskrive seg ansvar på denne måten, seier miljø- og samferdselsbyråd Arild Hermstad (MDG) i Oslo til Avfallsbransjen.

Det er Grønt Punkt Noreg som driftar Plastretur. Måndag varsla selskapet oppseiingar av avtalar om innsamling av blåposar med plast i ei rekkje kommunar, mellom dei Oslo, Tromsø og store delar av Lofoten og Grenland. Årsaka er at mengda plastsøppel har auka som følgje av koronakrisa, samtidig som låg kronekurs gjer det lite verd. Dermed har selskapet gått på ein kraftig økonomisk smell.

– Sorteringsanlegga i Tyskland vil helst ikkje ha plast som blir samla inn på denne måten, fordi han er nærast umogleg å få selt, uttalte kommunikasjonssjef Kari-Lill H. Ljøstad i Grønt Punkt Noreg til Dagsavisen tidlegare denne veka.

Renovasjons- og gjenvinningsetaten i Oslo vil no sjå etter andre aktørar som kan handtere plastavfallet, seier Hermstad.

– Det er viktig at alle held fram med å kjeldesortere plasten sin, seier han.

(©NPK)