FHI: 30.000-40.000 nordmenn har hatt koronasmitte

I nye utrekningar anslår Folkehelseinstituttet (FHI) at mellom 30.000 og 40.000 nordmenn har vorte smitta av covid-19.
innenriks

Av desse er det rundt 23 prosent som har vorte diagnostiserte med sjukdommen, anslår FHI i den siste vekerapporten sin.

– Matematisk modellering har estimert ein framleis nedgang i talet på nye smitta, og at så langt i epidemien har om lag 0,7 prosent av befolkninga vore smitta med covid-19, skriv FHI.

Tal frå meldingssystemet MSIS onsdag viste at 8.383 personar har fått stadfesta smitten gjennom testing.

– Vi har berekna at om lag 95 prosent av alle som har fått påvist smitte, no er friskmelde, seier avdelingsdirektør Line Vold i FHI.

Kan ikkje sjå bort frå auke

Dei siste vekene har talet på nye smitta falle kraftig, sjølv etter at samfunnet gradvis har vorte opna opp igjen.

Det same gjeld talet på nye sjukehusinnleggingar og dødsfall. I førre veke vart det berre meldt om fem nye sjukehusinnleggingar og eitt nytt dødsfall.

Onsdag var 36 personar innlagde med koronasmitte på norske sjukehus, sju av dei var kopla til respirator.

– Den gradvise gjenopninga av ulike funksjonar i samfunnet har så langt ikkje gitt ein auke i smitten. Vi kan likevel ikkje sjå bort frå at ytterlegare gjenopning kombinert med auka tilgang til testing for alle som har symptom, kan gi ein auke i talet på melde tilfelle med covid-19 framover, opplyser FHI.

Framleis låg R

Instituttet bereknar no at det såkalla smittetalet (R) er på 0,65. Det betyr at kvar smitta i snitt smittar 0,65 personar, noko som igjen vil føre til at smitten minskar over tid.

Men etter kvart som smitten minskar, blir dette talet meir unøyaktig og vanskeleg å berekne.

– Når det er få innleggingar og få nye tilfelle, så seier ikkje reproduksjonstalet like mykje om utviklinga av epidemien som når det er mange tilfelle, skriv FHI i vekerapporten.

Som følgje av den nedovergåande smittekurvern, valde regjeringa onsdag å lette ytterlegare på smitteverntiltaka. Mellom anna vart det klart at skulane kan opne opp for fulle klassar frå 2. juni, og at besøksforbodet på sjukehus og sjukeheim blir oppheva.

(©NPK)