Frp og Ap krev rask løysing for pakkereiseselskapa

Frp-leiar Siv Jensen fryktar konkursar for pakkereisearrangørane. Åsunn Lyngedal i Ap seier dei har etterlyst ei løysing i dei to siste krisepakkene.
innenriks

I eit skriftleg spørsmål til barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) spør Jensen når og korleis regjeringa skal levere på merknaden til finanskomiteen om å styrkje reisegarantifondet slik at pakkereiseselskapa kan kompenserast for å unngå konkursar.

Reisearrangørane er etter lova forplikta til å betale tilbake avlyste pakkereiser innan 14 dagar. Regjeringa føreslo i den tredje krisepakka sin at selskapa skal få 14 dagar ekstra, altså totalt 28 dagar, på seg til å betale tilbake.

Arrangørane endar opp med rekninga

Reisegarantifondet har vidare fått tilført 100 millionar kroner ekstra som skal utbetalast til kundar dersom selskapa går konkurs.

Siv Jensen seier til NTB at det er viktig at forbrukarvernet til kunden skal takast vare på, men no sit dei norske reisearrangørane igjen med rekninga, meiner ho.

– Den heilt spesielle situasjonen desse står i som følgje av pakkereiselova, gjer at dei ikkje vil bli redda av generelle ordningar. Dei treng ei form for kompensasjon for dei refusjonane dei må betale tilbake til kundane.

Treng nødhjelp

Til Fædrelandsvennen seier Nils Sverre Ingebretsen i Portal Travel at dei ikkje er robuste nok til å takle pakkereiselova, og at dei treng naudhjelp.

I tillegg til at salet av nye reiser har stoppa heilt opp, er det heller ingen som bestiller turar for dei neste månadene, eller på lang sikt. Og ifølgje lova må dei som sel pakkereisene betale tilbake heile beløpet dersom turen blir avlyst eller UD rår mot å reise.

– Problemet er at pengane dei har betalt inn, allereie er gått ut til flyselskap og hotell som depositum, og dei gir ikkje pengane tilbake til oss, seier Ingebretsen.

Han er sjølv permittert, saman med resten av sine fire tilsette. Sjølv om han fryktar konkurs for mange i same bransje, har Ingebretsen trua på at dei blir redda

Har bede om ei løysing

Åsunn Lyngedal (Ap) i næringskomiteen seier til NTB at Arbeidarpartiet har bede om ei løysing for pakkereiseselskapa og reisearrangørane i dei siste to rundane med krisepakkar.

– Begge rundane har ein samla komité bede regjeringa kome med ei løysing, og heller ikkje fredag ser det ut til at Nybø har skjønt problemstillinga, seier Lyngedal.

Ho forklarer at reisearrangørar skaffar kundar til resten av reiselivet, og vil difor vere avgjerande for å få reiselivsbransjen i gang igjen når koronakrisa er over. Difor meiner Arbeidarpartiet at Reisegarantifondet må refundere pengar til forbrukar før fristen for reisegarantilova går ut.

– Vi ønsker å bruke fondet før selskapa er konkurs. Saman med Frp kan vi få fleirtal for å ta vare på desse bedriftene i Stortinget neste tysdag, seier Lyngedal.

(©NPK)