3.845 registrerte koronatilfelle i Noreg

Ved midnatt var det registrert 3.845 tilfelle av koronasmitte i Noreg, noko som er ein auke på 264 tilfelle siste døgn.
innenriks

Dei siste to dagane er auken på 480 tilfelle, viser førebelse tal frå Folkehelseinstituttet

Det er registrert 20 døde av sjukdommen. Gjennomsnittsalderen for dei døde er 84 år.

I alt 291 personar får no behandling på sjukehus for sjukdommen covid-19.

Av alle innlagde sidan utbrotet til viruset i Noreg har 128 vore innlagt på intensiveining. Gjennomsnittsalderen for dei innlagde intensivpasientane er 59 år. 76 prosent av dei er menn.

Per 27. mars er 82.584 personar rapporterte testa for covid-19, og rundt 4 prosent har testa positivt.

Tala er henta frå Meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS) og viser ei førebels oversikt.

(©NPK)