Kina slår tilbake mot E-tenestas spionasjepåstandar

Kina meiner skuldingane frå den norske Etterretningstenesta om kinesisk spionasje i Noreg og Arktisk, er grunnlause.
innenriks

«Vi håper dei relevante norske styresmaktene sluttar å bruke eit utdatert tankesett frå den kalde krigen og papegøye-lært kunnskap», er det skriftlege svaret frå Den kinesiske ambassaden på påstandane, melder NRK.

Etterretningssjef Morten Haga Lunde sa i talen sin i Oslo Militære Samfund måndag kveld at Kina har «militære kapasitetar» i Noreg og Arktis.

Kinesiske styresmakter meiner påstandane om kinesisk spionasje i Noreg og i Arktis er heilt grunnlause:

«Skuldingane om såkalla kinesisk spionasjeverksemd er berre basert på rykte eller er ikkje basert på noko i det heile. Skuldingane er uansvarlege. Dette reagerer vi på.»

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) seier til NTB at dei samarbeider med Kina på ei rekke område.

– Som grunnlag for samarbeidet vårt med andre land blir det gjort både moglegheitsstudiar og risikoanalysar. Dei opne tryggingsvurderingane frå tenestene våre, er ein viktig og naturleg del av den offentlege samtalen i eit ope og demokratisk samfunn som Noreg, seier han.

(©NPK)