Kunsthandverksprisar til Stine Aas og Toril Bonsaksen

Stine Aas og Toril Bonsaksen er heidra med Stiftelsen Scheiblers prisar i design og kunsthandverk.
innenriks

Begge prisane består av 250.000 kroner. Prisutdelinga vart halden i Nasjonalmuseet i Oslo tysdag.

Berekraftige materiale står sentralt hos årets kunstnarar. Toril Bonsaksen viste mellom anna fram ein stol ho hadde dekt med gaflar og skeier.


(©NPK)