Bakgrunnen for forslaget er mellom anna at Oslo politidistrikt har gitt uttrykk for at det har utvikla seg ein trend, spesielt innanfor gjengmiljø i Oslo, å væpne seg med machete.
I fjor haust vart det fremma eit representantforslag frå Ap-representantane Jan Bøhler, Lene Vågslid, Maria Aasen-Svensrud og Jonas Gahr Støre der regjeringa vart beden om å legge til machetar i våpenforskrifta paragraf 9, men forslaget fekk ikkje fleirtal i Stortinget.
I dag er det forbode å eige elektrosjokkvåpen, peparspray, springknivar, batangaknivar, stilettar, slåsthanskar, batongar, karatepinnar, kastestjerner, blåserøyr og sprettertar. No foreslår regjeringa å føye machetar til lista over forbodne gjenstandar i våpenforskrifta paragraf 9.
Regjeringa vart samde om at dei ville innføre eit macheteforbod i Granavolden-plattforma i januar.
Frist for å sende inn høyringssvar er 21. februar 2020.
(©NPK)