Märtha Louise vil ha betre trafikktryggleik for hestar

– Trafikkreglane for hest har ikkje vorte oppdatert på mange tiår, seier Märtha Louise som frontar ein ny aksjon om hestar i trafikken.
innenriks

I dag er det seks gonger så mange hestar her i landet som det var på 50-talet. Den nye landsomfattande aksjonen «Hest i Trafikken» skal gjere møtet mellom dyr, fartøy og menneske tryggare.

– Eg har sjølv opplevd bilar i full fart forbi meg med hest ute i trafikken. Denne aksjonen er det superviktig å stille opp for, seier Märtha Louise til Nationen.

Ho meiner det er problematisk at både trafikkbildet og talet på hestar i tettbygde strøk har auka samtidig som trafikkreglane for hest ikkje har vorte oppdatert.

Prosjektleiar for kampanjen Hallvard Krislok, framhevar at det finst om lag 120.000 hestar i Noreg i dag, medan det berre var 20.000 hestar i Noreg då trafikkreglane vart utarbeidde på 1950-talet.

– Den gongen var jo hesten framleis eit viktig arbeidsreiskap. Over to generasjonar seinare er det hobby- og fritidsbruk som pregar hestehaldet, seier Krislok som i tillegg til å leie aksjonen òg er leiar i Trøndelag Hesteeierforening.

– Det er stort paradoks at i nullvisjonen til regjeringa i trafikken er både syklistar, gåande og heile trafikkbildet belyst, medan hesten ikkje er nemnd med eit komma, seier han til avisa.

(©NPK)