Rapport: Nordmenn betaler mest kontantlaust i verda

Noreg overtar førsteplassen på verdsbasis i oversikta over flest kontantlause betalingar per innbyggjar, men bruker kontaktlaus betaling mindre.
innenriks

Det viser rapporten World Payments Report 2019, som blir publisert av konsulent- og teknologiselskapet Capgemini tysdag.

– Nordmenn betaler kontantlaust i snitt meir enn éin gong kvar dag. I Tyskland, til samanlikning, betaler innbyggjarane kontantlaust i snitt éin gong i veka, seier Thierry Morin, spesialist på betaling og e-handel i Capgemini Invent.

Det er første gong Noreg er med i undersøkinga.

Rapporten fastslår at det er auke i kontantlause betalingar fleire stader i verda, mellom anna i framveksande marknader i Asia, Sentral-Europa, Midtausten og Afrika.

Noreg er likevel lenger bak når det gjeld kontaktlaus betaling og bruk av mobiltelefon til transaksjonar.

– Årsaka til at ein i Noreg ikkje har større omfang av kontaktlaus betaling er ganske enkelt at dei store daglegvarekjedene ikkje har innført dette. Det endrar seg frå 1.1.2020, når Visa og MasterCard gjer det obligatorisk å tilby denne moglegheita, seier Morin.

(©NPK)