100 sauer døde etter å ha vorte tatt av flaum i Surnadal

Vassføringa går ned, men framleis er det fare for flaum og skred på Vestlandet og i Trøndelag. I Surnadal var rundt 100 sauer tekne av flaumen.
innenriks

Styrtregn, flaum og jordskred prega helga i Vest- og Midt-Noreg, men den verste flaumfaren verkar no å vere over.

Farenivået vart måndag kveld sett ned til gult nivå for flaum og skred på Vestlandet og i Trøndelag. NVE er ikkje lenger i beredskap, men følgjer situasjonen nøye.

Dei store vassmengdene har skapt trøbbel ei rekke stader.

I Surnadal i Møre og Romsdal gjekk elva Surna over sine breidder måndag, og rundt 100 sauer døydde etter å ha vorte tatt av vassmassane. Truleg er òg to kyr døde, ifølgje ordførar Lilly Gunn Nyheim (Ap).

– Ein trist dag

Mellom 40 og 50 sauer vart redda, og dessutan fleire kyr.

– Det er òg mange kyr som har stått fast og ikkje komme seg over elva. Fleire kyr følgde elva og stod med vatn opp til halsen, seier Nyheim.

Vasstanden hadde måndag ettermiddag gått ned igjen, og det er ikkje lenger fare for dyra. Mannskap frå Røde Kors jobbar med å hente opp dei døde sauene.

I Surnadal vart det i helga sett ny nedbørsrekord med 67,7 millimeter på eitt døgn. Truleg er flaumfaren over for denne gongen.

– Vi håper det har roa seg. Det er mange utslitne dyr her no. Dette har vore ein trist dag, seier ordføraren.

Gult farenivå

Vassmengdene gjekk ned måndag, men flaumvarselet på gult nivå gjeld fram til onsdag morgon både på Vestlandet og i Trøndelag.

– Det vil framleis vere flaumvassføring i dei store vassdraga og i enkelte innsjøar, seier vakthavande flaumvakt Elin Langsholt i NVE.

Måndag og tysdag blir venta det meir regn, spesielt i Møre og Romsdal. Jorda er dessutan vassmetta over store delar av Vestlandet og Trøndelag, ifølgje NVE. Dermed er det framleis jordskredfare på gult nivå i Møre og Romsdal fram til onsdag morgon.

I resten av områda, frå Rogaland til Trøndelag, er det varsel på gult nivå fram til tysdag morgon.

Bebuarar var isolerte

I Sør-Trøndelag var det måndag regn og aukande vassføring i fleire elvar og bekkeløp. Bebuarar i eit tjuetal hus og eit omsorgssenter på Krokstadøra i Snillfjord kommune var innestengde etter at flaumvatnet tok ei bru, ifølgje NRK.

– Det er no laga ein mellombels sti sånn at bebuarar kan gå over elva, seier ordførar John Lernes (Ap) til NTB måndag kveld.

Tysdag skal ei mellombels bru på plass, slik at bilar kjem seg over elva.

Evakuerte fekk dra heim

På fylkesveg 610 i Gaular i Sogn og Fjordane ligg ei vegstrekning på mellom 700 og 800 meter under vatn, ifølgje avisa Firda. Vegen opnar truleg tysdag, ifølgje Vegtrafikksentralen.

I Stjørdal i Trøndelag stod rundt 100 sauer fanga på eit jorde etter at Stjørdalselva gjekk over sine breidder, ifølgje Trønder-avisa. Sauene vart frakta i sikkerheit i båt. Fleire jorde er overfløymde i Meråker og eitt hus vart evakuert.

I Sogn og Fjordane er vassføringa i dei fleste vassdraga på veg ned etter eit dramatisk døgn med mykje nedbør og sterke naturkrefter fleire stader.

25 personar vart evakuerte natt til måndag då elvar gjekk over sine breidder i Olden i Stryn kommune i Sogn og Fjordane, men dei fleste hadde måndag fått flytte tilbake, ifølgje avisa Fjordingen.

Det har gått mellom 15 og 20 skred som har stengt vegar i Sogn og Fjordane og Hordaland.



(©NPK)