Ingen bakteriar i vatnet i Hurum

Vassprøvene frå Hurum i Buskerud viste ingen bakteriar, og påbodet om å koke vatnet er dermed oppheva.
innenriks

Torsdag fekk om lag 5.000 husstandar som får vatn frå Sandungen vassverk i Hurum, varsel om at dei måtte koke vatnet etter at det var funne tarmbakteriar i ein rutineprøve ved vassbehandlingsanlegget.

Nye prøver vart tatt og resultata frå desse var klar fredag.

– Vassprøvene frå Sandungen kommunale vassverk i Hurum påviser ingen bakteriar, opplyser Siw Anett Stråle Enerud i Viva IKS til Drammens Tidende.

(©NPK)