470.000 norske forbrukslån sende til inkasso

Ved utgangen av 2018 hadde nordmenn 21 milliardar kroner i forbrukslån som hadde gått til inkasso. Til saman er det snakk om 470.000 lån, og talet aukar.
innenriks

Tala kjem fram i Finanstilsynets rapport om «finansielt utsyn», som vart lagt fram tysdag.

Om lag 21 milliardar kroner i forbrukslån var til inndriving hos inkassoselskapa ved årsskiftet, ein auke på heile 18 prosent frå året før.

Størstedelen av sakene gjeld låntakarar i alderen 30–50 år, og gjennomsnittleg er gjelda på 45.000 kroner i kvar sak.

Finanstilsynsdirektør Morten Baltzersen uttrykker bekymring for at inkassoselskapa no har nærare ein halv million forbrukslån til innkreving.

– Sjølv om fleire saker kan gjelde same person, seier det seg sjølv at dette omfattar eit betydeleg tal personar, og for dei personane det gjeld, er det ei stor belasting. Dette er ein av grunnane til at vi er svært opptatt av forbrukslån, i tillegg til den det sårbarheita det kan representere for bankvesenet og det finansielle systemet, sa Baltzersen då han la fram rapporten.

Han understreka at tilsynet følgjer forbrukslånsmarknaden tett, og at dei det siste året har avdekt fleire tilfelle av uheldig kredittpraksis.

– Mange tilbyr til dømes høgare lån enn kundane ber om, seier han.

I rapporten uttrykker òg Finanstilsynet generell bekymring for at den samla gjeldsbelastinga til nordmenn aukar, då òg medrekna bustadlån.

– Gjeldsbelastinga til hushalda, målt ved forholdet mellom gjeld og disponibel inntekt, er høgare enn nokon gong, skriv Finanstilsynet.

Oversikta over talet på inkassosaker baserer seg på undersøkingar av eit utval av inkassoføretak, som til saman har ein marknadsdel på 90 prosent, opplyser tilsynet.

(©NPK)