Den internasjonale Ibsenprisen har fått ny komité

Kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande har utnemnt ny komité for Den internasjonale Ibsenprisen. Ballettsjef Ingrid Lorentzen leier komiteen.
innenriks

– Eg er glad for å kunne utnemne ein komité som er så breitt samansett av personar med vidtrekkande internasjonal erfaring og inngåande kunnskap om teater og dramatikk, og med kompetanse òg frå det andre scenekunstfeltet – opera, ballett og performance, seier Grande.

Komiteen som er oppnemnd for perioden 2019-2022, består i tillegg til leiaren Ingrid Lorenzen av Anders Beyer, Maria Delgado, Roman Dolzhansky (oppnemnd på nytt), Hilkka-Liisa Iivanainen, Thomas Oberender, (oppnemnd på nytt for 2 år) og Hanne Tømta (oppnemnd på nytt for 2 år).

Oppgåva til komiteen er å dele ut Den internasjonale Ibsenprisen, som er på 2,5 millionar kroner. Den internasjonale Ibsenprisen blir finansiert av statlege norske middel og er den største teaterprisen i verda. Han blir delt ut annakvart år.

Etter planen skal prisen delast ut for åttande gong i 2020 under Ibsenfestivalen i Oslo. Prisen skal honorere ein person, institusjon eller organisasjon som har tilført verdsdramatikken eller teateret nye kunstneriske dimensjonar. Den førre prisvinnaren var Christoph Marthaler i 2018.

(©NPK)