Jensen: – For mykje forbrukslån kan bli eit samfunnsproblem

Finansministeren er bekymra for den kraftige auken i det samla forbrukslånet til nordmenn. Forbrukarrådet meiner erstatningsansvar for utlånarane må til.
innenriks

Finansminister Siv Jensen, saman med justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) og forbrukarminister Linda Hofstad Helleland (H), kalla måndag inn ei rekke bankar, tilsynsorgan og andre aktørar i finansbransjen til eit møte for å diskutere den galopperande forbrukslånsveksten blant nordmenn.

Ved utgangen av fjoråret utgjorde forbruksgjelda til nordmenn over 100 milliardar kroner, har Helleland tidlegare oppgitt. Samtidig vart talet på misleghaldne lån fordobla, viser ein gjennomgang DN har gjort.

Samfunnsproblem

Regjeringa er uroleg for dei mange enkeltpersonane som slit med å betene låna sine.

– Det er svært krevjande for dei det gjeld, men blir det mange nok, blir det òg eit samfunnsproblem som kan forstyrre den finansielle stabiliteten, seier Jensen til NTB.

Dei inviterte til møtet var DNB, Bank Norwegian, Santander Consumer Bank, Monobank, Finans Noreg, Finansieringsselskapenes forening, Finanstilsynet og Forbrukarrådet.

– Dei tre ministrane ønsker å høyre korleis bankane som låneytarar, og som samfunnsaktørar, varetar ansvaret dei har for å opptre på ein samfunnsnyttig og berekraftig måte, heitte det i Finansdepartementets pressemelding i forkant.

Gjeldsregister på nyåret

Regjeringa forskriftsfestar no retningslinjene for utlån av forbrukslån, slik at Finanstilsynet har moglegheit til å sanksjonere mot dei som bryt reglane. På nyåret kjem òg det lenge varsla gjeldsregisteret på plass. Jensen varslar samtidig at det kan komme ytterlegare innskjerpingar i reglane dersom utlånsbransjen ikkje gjer meir for å hindre nye «luksusfeller».

– Vi kan ikkje berre sjå på det individuelle ansvaret, men òg ansvaret til aktørane, seier Jensen.

Direktør i Forbrukarrådet Inger Lise Blyverket meiner det er nødvendig å innføre eit eige erstatningsansvar for utlånarane.

– Vi ønsker oss eit profesjonsansvar, slik at banken kan bli stilt til ansvar dersom dei gir lån til personar som openbert ikkje har betalingsevne, seier ho til NTB.

Det same foreslår regjering i forslag til ny finansavtalelov, som no er på høyring. Den nye lova er venta til neste år.

– Vi fekk høyre her i dag eitt døme på ein person som på berre tre månader pådrog seg forbrukslån på 7 millionar kroner. Når dette kan bli konsekvensane, synest vi det er naturleg at ein profesjonell rådgjevar har eit særleg ansvar, seier Blyverket.

Aggressiv marknadsføring

Eit samla Storting vedtok tidlegare i år å forby all aggressiv marknadsføring av forbrukslån, men Forbrukarrådet meiner dette framleis skjer.

– Bankane seier dei har avgrensa seg, men både vi, tilsyn og styresmaktene ser at det framleis er mykje aggressiv marknadsføring. Vi er opptekne av at forbrukarane ikkje skal pressast inn i situasjonar der det blir skapt kredittbehov dei ikkje har, eller ikkje har betalingsevne til, seier Blyverket.

Direktøren i Forbrukarrådet trur det nye gjeldsregisteret vil ansvarleggjere utlånarane i større grad ved at dei får sjå den totale gjeldsbelastinga til lånesøkjaren. Men ho meiner det er ein veikskap at registeret førebels berre viser oversikt over forbruksgjeld og ikkje sikra gjeld, som til dømes bustadlån.

(©NPK)