Ungdomsbokforfattaren Tor Fretheim er død

Forfattar, dramatikar, omsetjar og journalist Tor Fretheim er død 72 år gammal. Han var særleg kjent for barne- og ungdomsbøkene sine.
innenriks

Fretheim har skrive ei rekke romanar, skodespel og høyrespel. For dette har han motteke fleire viktige prisar både i Noreg og utlandet, mellom anna Kulturdepartementets prisar for barne- og ungdomsbøker, som han fekk fire gonger.

I 1982 forfattardebuterte Tor Fretheim med «Markus kjenner ikke Supermann». Før dette jobba han i fleire år som journalist i Aftenposten inntil han vart forfattar og omsetjar på heiltid.

Han slo for alvor gjennom med ungdomsromanen «Englene stanser på Eventyrbrua» i 1986. Utgjevinga vart omsett til fleire språk og sikra han Kritikarprisen.

Tor Fretheims forfattarskap var viktig for framstillinga av gutar i norsk ungdoms- og barnelitteratur, der gutane fekk ei langt meir samansett rolle enn tidlegare. Fleire av utgjevingane handlar om unge gutar, kjønnsidentitet og homofili, og kjem inn på tema som vanskelege familieforhold, overgrep og vald.

Den siste boka hans var «Leons hemmelighet» som vart gitt ut i 2016.

Tor Fretheim er fødd i 1946. Han døydde brått søndag.

(©NPK)