Akademikerprisen til psykologiprofessor Nora Sveaass

Psykologiprofessor Nora Sveaass er tildelt Akademikerprisen under Akademikernes haustkonferanse i Oslo onsdag.
innenriks

Prisen er på 100.00 kroner og ein skulptur av Nico Widerberg.

Juryleiar Curt A. Lier trekker fram Sveaass' arbeid for å dokumentere behovet for langsiktig behandling og oppfølging etter tortur og andre former for overgrep som grunngjeving for tildelinga.

– Ho har bidratt til å synleggjere at reaksjonane etter overgrepa ikkje blir borte ved at eit menneske får innvilga opphald i eit nytt land, men at dei fysiske og psykiske ettervirkningane vil prege torturoverlevande og deira familiar resten av livet, seier Lier.

– Dette er ei fantastisk anerkjenning og synleggjering av menneskerettsarbeid – ikkje berre det eg gjer, men menneskerettsforsvararar rundt om i heile verda. Eg er glad og overvelda over prisen, seier prisvinnaren.

Ho er professor i psykologi ved Universitetet i Oslo, var medlem av FNs torturkomité frå 2006-2013, og er i dag nestleiar av FNs underkomité for førebygging av tortur og umenneskeleg behandling. Sveaass er også leiar av Health and Human Rights informasjon og president for rådet i Helsingforskomiteen.

Etter 40 års arbeid med flyktningar og torturoffer etterlyser Sveaass at norske styresmakter tar den psykiske helsa til flyktningar meir på alvor. Prisvinnaren meiner konsekvensane av tortur, fengsling og overgrep er undervurderte.

– Problema til folk på flukt sluttar ikkje fordi dei har komme over ei landegrense. Mange slit med kraftig smertefulle minne og kjem ikkje vidare i liva sine på grunn av angst og uvisse, seier Sveaass.

(©NPK)