Terje Fjærn er død

(NPK-NTB): Musikar og orkesterleiar Terje Fjærn er død, 73 år gammal. Fjærn døydde like over midnatt natt til onsdag.
innenriks

Den kjente orkesterleiaren døydde klokka 0.15 onsdag, opplyser kona hans , Lillemor Korsell, til NTB.

Terje Fjærn vart fødd 25. august 1942. Foreldra hans var aktive i Frelsesarmeen, og det var her han fekk si første musikkopplæring. Etter examen artium studerte Fjærn ved Musikkonservatoriet i Oslo, og etter først å ha jobba for Braathens SAFE, vart han profesjonell musikar i 1967.

Han starta Terje Fjærns orkester, der han sjølv spelte bass. Opp gjennom åra akkompagnerte han og orkesteret tallause norske musikarar, både live og på plateinnspelingar og fekk ei rekkje plasseringar på hitlistene.

Fjærn hadde også musikalsk ansvar for ei rad revyar og teateroppsetningar, blant anna «My Fair Lady» i Oslo i 1986, og han var kapellmeister for Dag Frøland på Chat Noir og Chateau Neuf. Han produserte også fleire plater for Frøland.

Mange kjenner også Fjærn frå den mangeårige innsatsen i Melodi Grand Prix, der han blant anna var dirigent for Bobbysocks og deira vinnarmelodi «La det Swinge» i 1985. (©NPK)