For Eid vgs. sin del kom først forslaget om å kutte FBIE (frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign). Det kan bety at skal du bli frisør må du flytte til Førde for å ta den retninga, og du må til Bergen om du vil bli blomterdekoratør eller utdanning innan interiør.

Dette vil også få konsekvensar for samarbeidet som har vore mellom skulen og Opera Nordfjord i mange år, der lærarar og elevar lærer frå profesjonelle aktørar, medan operaen får gjenteneste over andre ting. Eit gode begge partar har vore fornøgde med.

Sist veke kom ny sjokkmelding – med forslag om å kutte ut VG2 industriteknologi ved Eid vgs.

Eit viktig tilbod for industrien i heile Nordfjord. Industrien sjølv har vore ute og kalla forslaget for tragisk og at dette er krise.

Linja ved Eid vgs. har fora industrien i heile Nordfjord med lærlingar – og er også ein viktig del for at store og viktige industribedrifter i Nordfjord klarer å rekruttere arbeidarar. Industrien i Nordfjord er opptatt av at VG2 industriteknologi er eit tilbod det er sterkt behov for i Nordfjord.

– Vi forstår at elevtalet går ned, men dei bør prioritere yrkesfag her i Nordfjord, meiner Nils-Per Sjåstad i Simona Stadpipe på Stadlandet. Han synest forslaget om å ta vekk tilbodet er rart og tragisk, då dette vil ramme hardt næringslivet i regionen.

Han stiller spørsmål ved om politikarane som skal bestemme ikkje ser samanhengen med kva tilbod ein har i Nordfjord og kva behov næringslivet har.

Han har eit poeng. For om ein ikkje klarer å utdanne ungdommen vår i Nordfjord i retningar som næringslivet her treng, så er det i alle fall vanskeleg å få ungdom frå Bergen til å flytte oppover for å ta seg jobb eller lærlingplass her.