Dette er leiaren frå Fjordabladet tysdag 16. januar 2024:

Bakgrunnen for ideen må kanskje tileignast dåverande ordførar og «distriktspsykopat» Alfred Bjørlo sin frustrasjon over at ein aldri klarte å ha ein heilskapleg strategi for å utvikle større og meir slagkraftige fagmiljø ute i distrikta.

Ideen vart knekt ut og forma, og no har ein faktisk fått staten til å spele på lag med Stad og Nordfjord om å byggje sterke fagmiljø saman. Alt treng ikkje å vere samla i dei store byane. Neste år skal Statens hus stå ferdig og inn flyttar politi, NAV og Skatteetaten. Kanskje ikkje dei mest innlysande saman, for kva har NAV til felles med politiet – utan at det er ekstra trygt å ha politiet i nærleiken.

Ein kan sjølvsagt diskutere om det ikkje hadde vore best med eit eige blåhus, og at politiet, brann og ambulanse hadde passa aller best saman. Slik vart det ikkje. Kritiske røyster vil ha det til at det ikkje blir fleire arbeidsplassar med å få Statens hus.

Vi trur Statens hus gir moglegheiter. For i løysinga ligg mellom anna også at Stad kommune kan tilby fleksible og attraktive kontorplassar i ein «distriktshub». Det vil seie – at det ikkje lenger er eit must at du både jobbar og bur i Oslo, om du er tilsett i ein statleg etat. Du kan framleis har arbeidsgivar i Oslo, men jobbe ute i distriktet. Det kan gjere det lettare å flytte heim til Nordfjord.

Det har vore ein krevjande anbodsprosess og ein hard kamp for å vinne prosjektet for fleire lokale utviklings- og eigedomsaktørar. Når det no endeleg er avgjort kven som vann konkurransen er det fleire prosjekt som har stått på vent, som no kan gi full gass igjen. Planane må berre endrast litt på.