Dette er leiaren frå Fjordabladet 6. oktober 2023:

Det var også kø av ivrige lokale kunstkjøparar som ville sikre seg å ha dronning-kunst på veggen heime.

Besøk av dronning Sonja sette ein ekstra spiss på feiringa av Opera Nordfjord sitt 25-årsjubileum, og dronninga sjølv fortalde at ho er imponert over kva operaparet Kari og Michael Pavelich har fått til.

Tidlegare fylkeskultursjef Lidvin Osland kallar det eit kultureventyr av beste sort, og meiner Opera Nordfjord har vore epokegjerande for kultursoga i Sogn og Fjordane.

Han viser til at fylkespolitikarane tidlegare berre var opptatt av sjukehus, veg og skule. Vi trur han har rett i det. For 25 år sidan var det utenkeleg at ein skulle få fleire tusen til å oppleve opera kvar haust. Dette var finkultur, og ikkje noko ein var vande med i fylket.

Men Pavelich-paret drøymde stort, og målet om å få opera ut til folket har dei klart med glans. Bak står også eit enormt dugnadsapparat, av ivrige frivillige som år etter år stiller opp for operaen. Det er slett ikkje sjølvsagt, men operaen har klart å få det til.

Operamusikalen Soga om Sol tek oss med i vår eiga utvandrarhistorie. Det som vert servert på scena i operahuset i desse dagane er mektig og intenst.

Publikum let seg begeistre – ikkje minst av unge Ingrid i hovudrolla – som er fostra opp i vårt eige lokalmiljø, med opera og musikalar frå ho var liten. Resultatet vi fekk sjå på urpremieren onsdag, songstemme og skodespelartalentet, er imponerande.

Vi gratulerer Opera Nordfjord med 25 år!