No er det klart at det er ni parti som stiller med eigne vallister til kommunevalet i Stad kommune i haust. Det er to fleire parti enn tidlegare, og som no skal konkurrere om dei ulike plassane.

Men listene viser at det er svært mannsdominert å drive politikk i Stad.

Berre to parti eller 22 prosent har kvinnelege listetoppar eller ordførarkandidatar. Det er Marie Kristinne Kroken frå Bryggja som står på topp for det nye partiet Miljøpartiet dei grøne. Og så har du Stad Arbeiderparti med sin topp, Judith Kvåle frå Flatraket.

Fleire lister har tydeleg slite med å finne kvinner til å stille på sine lister. For Framstegspartiet har til dømes tre menn fått plass øvst på si liste, og berre fire av 14 er kvinner. På lista til Industri- og Næringspartiet er berre tre av ti på lista kvinner. Også Høgre har ei mannsdominert liste.

Det er synd at partia ikkje har fått med seg fleire kvinner på sine lister, ettersom innbyggjarane i Stad kommune er så å seie likt fordelt mellom kvinner og menn. Halvparten av alle i Stad kommune er kvinner, og bør også vere godt representert i lokalpolitikken.

Det er også interessant å sjå den geografiske fordelinga. Vi registrerer at ingen av ordførarkandidatane har adresse i kommunesenteret Nordfjordeid. Berre to av listetoppane er frå gamle Eid kommune; Sigurd Reksnes (Sp) frå Haugen og Dag Henning Reksnes (H) frå Kjølsdalen. Derimot er det fire listetoppar frå Stadlandet, ein i Flatraket, ein i Selje og ein med adresse Bryggja.