Berre ein køyrer ein mantra lenge nok, så klarer ein det kunststykket å innprente det feilaktige som ei sanning. For stadig har vi siste tida høyrt at Eid stel studiespes. frå Måløy. Det starta med Måløy Vekst, som også fekk med seg næringslivet i ytre til å meine det same.

Så blir ein sjokkerte over at Stad Vekst ikkje ønskjer å signere på dette innspelet som er ført i pennen av Måløy Vekst, og som hadde svært kort signeringsfrist sjølv om høyringsfristen er i slutten av mai. Etterpå argumenterer dei tungt for at Måløy burde hatt ei klasse på studiespes. på kostnad av Eid. Altså meiner ein at Stad Vekst skulle signere på eit innspel som ville ta frå Eid vgs. 3 klasser, 90 elevar, i tillegg til kutta på Vg2 industriteknologi, elektro og FBIE. Det er utruleg.

Ingen ved sine fulle fem vil gi frå seg 90 elevplassar ++. Det hadde dei ikkje ønska verken på Firda eller i Måløy. For den semja som Måløy Vekst med fleire tydelegvis ønskjer seg reduserer elevtalet ved Eid vgs. til 240 elevplassar, og det på den vidaregåande skulen som ligg midt i regionen, og som dei fleste ungdommane i Nordfjord har kortast veg til.

Opplæringsutvalet i Vestland besøkte nyleg Eid vgs. Dei var over seg av begeistring, og meinte skulen er unik. Men då fylkespolitikarane hadde møte sist veke vart alt dette gløymt, og dei meiner at det er rett at Vg2 industriteknologi ikkje skal startast opp til neste skuleår. Vi er samd med Tore Hjelle når han kallar dette korttenkt og lite framtidsretta.

For her har industrien i Nordfjord varsla at dette får store konsekvensar for dei. Behovet for lærlingar som går denne retninga er stor enten det er til Måløy Verft, Simona Stadpipe, Brødrene Aa, Styvo eller Nordfjord Kjøtt. Å ta vekk Vg2 industriteknologi er krise. Dette går hardt utover næringslivet i Nordfjord.

Difor er det dette ein burde samarbeide om i Nordfjord, for her treng ein at fylkeskommunen gjere ei kuvending!