Dette er leiaren til Fjordabladet frå fredag 29.12.2023:

Medan vi feirar jul og nyttar er det mange som held hjula i gang i samfunnet. Det norske helsepersonellet er verd si vekt i gull. Dei gjer ein innsats som det er vanskeleg å takke nok for. Under koronapandemien heldt dei frontlinja, tok dei største risikoane, og i det daglege syter dei for at helsevesenet vårt er oppe og går. Dei merkar godt innsparingar, og strekken vert nok strekt i det lengste med lange vakter og for få tilsette å dele vaktene med.

Både på sjukehus, omsorgssenter og i heimetenesta står dei på – sjølv om det er jul og nyttår. Og vi hadde ikkje klart oss utan dei.

Som pårørande er det også godt å sjå alle dei frivillige som stiller på for å gjere julehøgtida kjekkare for dei som ikkje kan feire jula heime med sine kjære. Enten det er Volda mannskor som reiser frå stad til stad for å synge jula inn på omsorgssenter eller sjukehus, eller Eid musikklag som stiller med vakre juletonar ved Nordfjord sjukehus.

Det er ikkje alle som hadde brydd seg med å vere frivillig også på sjølve julaftan. Men desse bidrar – år etter år.

Takk til alle som bidrar for å halde hjula i gang ved jul og nyttår!

No legg vi bak oss 2023 – og ser framover. Nytt år gir nye moglegheiter, utan at vi treng å ha mange nyttårsløfter vi ikkje klarer å halde.

Livet går vidare, sjølv om fleire opplever tøffare økonomiske utfordringar enn tidlegare. Vi håper dette vil snu i året som no møter oss.

Det er ingen tvil om at også 2024 blir eit interessant år – også for lokalpressa. Vi lovar at vi skal spegle små og store nyhende – og for Fjordabladet går vi inn i eit jubileumsår. Vi rundar 150 år, og er den eldste avisa i gamle Sogn og Fjordane.

Godt nytt år til alle!