Opera Nordfjord vekte appetitten for finkultur i fjordane. År etter år har operaparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich trekt i trådane for å lage magiske augneblink for oss. Første året dei sette opp opera var Opera Nordfjord utseld tre veker før premieren, men den gong hadde dei berre fire førestillingar i Aulaen på Fjordane folkehøgskule.

Michael Pavelich i kjent positur. Foto: Ingebjørg Nilsen

Utan Opera Nordfjord hadde vi aldri fått storstova Operahuset, som gir oss eit stort utval av opplevingar gjennom heile året. Etter at Operahuset kom har det også vorte ei anna tidsrekning både for vår distriktsopera, dei som står på scena og alle dei som jobbar som frivillige – for at ein år etter år kan invitere til opera i Nordfjord.

Vi er glade for at operaparet Kari og Michael drøymde store drøymar, og gjekk i bresjen for det som har vorte eit kultureventyr av beste sort.

For 26 år sidan var det utenkeleg at ein skulle få fleire tusen til å oppleve opera kvar haust. Etter kvart har det vorte fleire oppsettingar gjennom året.

Michael Pavelich fekk «fjellrypa» og kona Kari til å overta dirigentstokken. Foto: Ingebjørg Nilsen

No i helga er det slutt. På tre festkonsertar – i nettopp Operahuset og i Førde, kan ein vere med å hylle mannen som har stått med dirigentstokken i alle desse åra. Vi reknar med at det vert ei stor oppleving igjen – der også eit operakor på om lag 70 songarar er med.

Kven skulle tru at ein sprø ide om å folkeleggjere opera i Nordfjord skulle halde seg 26 år etter?

Nordfjord vart rikare etter at vi fekk opera. Målet om å få opera ut til folket har dei klart med glans.

Takk til Michael for alle åra med iherdig innsats for kulturen i regionen vår. No takkar han for seg og pensjonerer seg etter snart 26 år som kunstnarisk leiar og 24 år som musikalsk leiar i Opera Nordfjord. Han avsluttar karrieren i Operahuset Nordfjord på sin eigen 70-årsdag.

Takk Michael, og gratulerer!