Dette er leiaren i Fjordabladet frå fredag 3. november 2023:

For 110 år sidan vart Eid musikklag skipa – heime hos fanejunker og militærmusikaren Samuel Kjøsnes. Han var sjef for bataljonsmusikken i meir enn ein mannsalder, og det vert hevda at han gjorde grunnleggjande arbeid i musikklivet for dei bygdene i Nordfjord og på Sunnmøre som sokna til eksersisplassen på Nordfjordeid. Han vart også pådrivar for å starte musikklaget.

Det osar med andre ord gammal lokalhistorie – tilbake til den gong det var aktivitet på eksersisplassen på Nordfjordeid.

Til helga feirar Eid musikklag jubileet sitt – eit korps som har lang tradisjon for å sette sitt preg på bygda. Dei er eit godt eksempel på at det hadde vore lite korpsmusikk å glede seg over om ikkje musikklaget hadde ivrige musikantar. Spesielt i maidagane har dei hektiske tider, med både hingsteutstillinga, 8. mai, kanskje eit songarstemne og ikkje minst togmaraton på nasjonaldagen. Med fire tog på 17. mai legg musikantane i Eid musikklag bak seg 30.000 steg den dagen.

Nordfjordeid sanitetsforening er eit anna frivillig lag med solid historie, der dei bidreg aktivt i lokalsamfunnet. I helga feirar også dei – som 100-års jubilant. Norske Kvinners Sanitetsforening (N.K.S.) har alltid vore opptatt av kvinnehelse. Men sjølv om ein har jobba med dette i så mange år er det framleis ein lang veg å gå. Kvinner si helse må settast på agendaen, og ein må sørge for likeverdige helsetenester.

Kvinner si helse må styrkast både lokalt og nasjonalt har N.K.S. tidlegare påpeika. Dei har vist til at ein mellom anna treng nasjonale kompetanse- og behandlingssenter for endometriose og andre alvorlege sjukdommar. Ein må også til dømes sikre ein trygg fødsels- og barselsomsorg i heile landet.

Dei som engasjerer seg i saniteten gjer ein viktig jobb.

Vi gratulerer Eid Musikklag med 110 år og Nordfjordeid Sanitetsforening med 100 år.