Dette er leiaren frå Fjordabladet 20. februar:

Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) har hissa på seg både statsråd og mange kommunepolitikarar rundt om i landet.

Utgangspunktet er at Bjørlo er svært uroleg over at regjeringa tillèt eit stort steinbrot på toppen av fjellet Aksla i Bremanger. Her skal det skipast ut stein til asfaltproduksjon i Tyskland – i eit særmerkt og urørt natur- og kulturlandskapsområde av nasjonal verdi. Bjørlo påpeikar at ein kan ikkje seie ja til alle tiltak som kjem.

I debatten mellom Bjørlo og statsråd Erling Sande (Sp) – begge nordfjordingar – vart det ein oppheita diskusjon på Stortinget.

Bjørlo uttalte mellom anna at «naturforvaltninga i kommunane er ein «heime-åleine-fest».

Sande reagerte og vart opprørt over dette – også det at kommunepolitikarar vert stempla frå Stortinget sin talarstol meiner han er provoserande, og at det er ein respektlaus måte å omtale norske lokalpolitikarar på.

Ein kan undre seg over om Bjørlo snakkar av erfaring frå hans tid som ordførar i Eid og Stad kommune i ti år.

Vi trur nok at kommunepolitikarar ser meir alvorleg på oppgåva si enn at ein har som mål å byggje ned mest mogleg i sine respektive kommunar.

Ein kan sjølvsagt ikkje seie ja til alt, men samtidig treng ein vekst, utbygging, utvikling og innbyggjarar.

Verkelegheita i fleire norske distriktskommunar er alt anna enn ein fest, men ein eksistensiell kamp om tilværet, meiner Bremanger-ordføraren.

Allereie i dag opplever kommunane motbør i fleire utviklingssaker, der ein stadig må avklare motsegner frå Statsforvaltar, fylkeskommune og Statens vegvesen.