Dette er leiaren i Fjordabladet tysdag 5. september 2023:

Helse Førde driv eit jordmorsenter på Nordfjord sjukehus. Her skal mellom anna jordmor vere tilgjengeleg heile døgnet, og det er tilbod om følgjeteneste, og svangerskapskontrollar for gravide i Stad, delar av Kinn og Gloppen. Her får ein etterkontroll for barselkvinner som ønskjer jordmor, ammepolitiklikk, vektkontroll for nyfødde og fødselsførebuande kurs og ammekurs.

Vi stiller oss undrande til at God Start ikkje vert opna etter sommarstenginga. Det som no er stengt, er altså barseleininga med overnatting for barselkvinner og barn. Helse Førde opplyser at årsaka er jordmormangel. Eininga vil vere stengd i ein periode no og fram til fleire jordmødrer er på plass.

Jordmormangel er alvorleg, og får konsekvensar rundt om i heile landet. Men kven vil vere jordmor der det ikkje er fødslar?

Ei god jordmorteneste til gravide og fødande kvinner er svært viktig for at det skal vere både godt og trygt å vere kvinne i fruktbar alder her i regionen vår.

Eit godt tilbod inneber oppfølging under svangerskapet, men også eit godt og trygt føde- og barseltilbod.

Vi forstår godt dei som i desse dagar går høggravide og er usikre på kva og kvar dei vil får oppfølging etter fødsel. God Start-eininga ved Nordfjord sjukehus har gjennom mange år fått mykje skryt, der nybakte foreldre føler seg godt varetatt – og der dei får nettopp det dei treng – ein god og roleg start for mor og barn.

At det vert skapt så stor usikkerheit i forhold til opning av God Start er ikkje greitt. Dette er ei ytterlegare nedbygging av kvinnehelsetilbodet ved Nordfjord sjukehus.

Vi mistenker at om det var menn som skulle føde eller vere i barsel så ville God Start-tilbodet ha kome på plass ganske raskt.