Dette er leiaren frå Fjordabladet 8.12.23:

Trass i dyrtid har fleire innan næringslivet over lang tid signalisert at dei slit med å få tak i tilsette med rett kompetanse. Ikkje minst har kommunane i Nordfjord hatt problem med rekruttering innan helse – ein sektor der vi veit at det vert bruk for fleire hender ettersom vi stadig får fleire og fleire eldre.

No satsar Stad kommune stort på superlærlingar. Akkurat no har dei i overkant av 20 lærlingar innan helsearbeidarfaget. Fleire av lærlingane har allereie fått seg jobb i Stad kommune etter at dei er ferdig med læretida.

Dette er positivt nytt, og kan vise andre at det er vegen å gå. Lærlingar er gull verdt med tanke på rekruttering.

Stad kommune skal ha honnør for deira satsing på lærlingar – for dette gjeld ikkje berre ungdomslærlingar, men også godt vaksne som ønskjer å ta utdanning. Nordfjord Opplæringskontor fortel i dagens avis at kommunen her har gjort ein kjempejobb dei siste åra med å få til eit godt system rundt oppfølging av kvar enkelt lærling.

Både leiarar, tilsette og instruktørar i kommunen, står på for at lærlingane skal ha ei best mogeleg læretid. Stad kommune vert også trekt fram fordi dei har vore flinke til å tilby både vaksne og ungdom utdanning.

Vi forstår at det kan vere krevjande å ha så mange lærlingar på same tid, for det er eit stort apparat som skal fungere. Ofte har lærlingane blitt tilsett på ein av plassane dei har vore etter at læretida var over. Det vert vist til at dette er teikn på god trivsel og at dei blir tatt vare på.

Stad kommune ser at det er viktig å rekruttere sine eigne, og at dei må satse på dei ein har og bruke ressursane ein har tilgjengeleg. Kommunen signaliserer at dei har plass til endå fleire lærlingar – nettopp fordi dei ser at dette er vegen å gå for rekruttering.