Medlemmar i hovudutvalet for opplæring og kompetanse i Vestland har vore på rundreise til dei vidaregåande skulane i Nordfjord, og tysdag besøkte dei Eid vidaregåande skule. Dei fekk møte ein skule med eit heilt spesielt samarbeid på tvers av klasser, med kulturen og med næringslivet.

Utvalsleiar Åsmund Berthelsen er samd i at skulen på Nordfjordeid er unik, og han forstår at å legge ned eit vg2-tilbod råkar veldig mange. På rundreisa si har fylkespolitikarane snakka med skulane, tilsette, næringsliv og elevar. Dei har møtt uro og sterkt engasjement. Det viser kor viktig skulane våre er for oss og regionen vår.

For det har blitt uro og bekymring i Nordfjord etter at det dukka opp fleire forslag om nedleggingar av ulike tilbod på alle dei fire vidaregåande skulane.

Det bør vere klart at Nordfjord bør ha same moglegheit for breidde i tilboda som i andre regionar. Det skal ikkje vere annanrangs å bu her. Det blir heller ikkje god kjemi i regionen vår når fleire skuldar Eid for å stele tilbod – det vil seie studiespesialiserande. For det er ikkje snakk om å stele noko som helst – to parallellar er noko som har vore ved Eid vgs. i alle år, med få unntak.

Avdelingsleiar Cecilie Bjørlo forklarte også hovudutvalet kvifor det er riktig og viktig at Eid framleis skal ha to parallellar, for det må vere nok elevar på éin skule til å sette saman eit programfagtilbod slik at elevane får eit godt læringsmiljø.

Så er det ein gong slik at Nordfjordeid ligg midt i Nordfjord – slik at elevar kan pendle frå Gloppen, Stryn og Måløy. I fleire år har ein jobba for å få betre bussamband. I dag er det absolutt ikkje bra nok.

Her må Vestland fylkeskommune ta grep, og få gjort noko slik at fleire elevar kan reise med buss mellom heim og skule på morgon og ettermiddag – så ein unngår at fleire må flytte på hybel. Dette er også noko som har stått på ønskjelista lenge frå folk i Selje og Stadlandet.