Rundt halvparten av oss nordmenn har tenkt å reise på påskeferie – og åtte av ti skal vere på fjellet. Mange av oss drøymer om ei påske med ski på beina, sol høgt på blå himmel, og ikkje minst familietid.

For dei skiglade er det nok av tilbod i Nordfjord, enten ein vil bruke alpinbakkane eller gå i langrennsløyper, eller glede seg over litt brattare bakkar med eit fjell- og fjordlandskap med randoneeski.

Med dei vêrmeldingane som er no kan det gå mot ei fin påske på Harpefossen skisenter, lovar dagleg leiar, sjølv om mildvêr og sol har gjort sitt til å redusere snømengdene.

Det er mange eldsjeler rundt omkring som står på for å gi oss eit tilbod. Då er det synd om det ikkje vert brukt – enten du likar alpin eller langrenn innover Fladalen eller på Harpefossen.

Nokon er parkeringsvakter eller steiker vaflar, medan andre legg til rette for nypreparerte løyper eller jobbar dugnad i sommarhalvåret for å utvikle området og traseane vidare.

For andre er det våren som tiltrekker oss interessa, enten det er vårpuss i hagen, eller ein begynner å sjå på båten og gjere klart for ein ny båtsesong på fjorden. I tida før påske har vi tilfredsstillande fylt opp kjøleskapa med billige egg, rømme eller påskegodteri – fordi daglegvarebutikkane har konkurrert om å få akkurat oss til å gjere påskehandelen hos dei.

Påske er for mange ei tid for å vere saman med familie og venner. Nyt dagane saman, og tenk litt ekstra på dei som ikkje har familie, eller som slit med sjukdom som gjer påskedagane til ei ekstra utfordrande tid. Ha omtanke for kvarandre.

Vi ønskjer alle ei god påske!