Dette er leiaren i Fjordabladet fredag 12. januar 2024:

Allereie ved unionsoppløysinga i 1905 var her eit breitt spekter av næringsverksemder: avis, gjestgiveri, telefonstasjon, bakeri, slakteri, bank, børsemakar og urmakar.

Her var også fleire landhandlarar. Den største var Eids Handelslag, som i helga har jubileum og feirar sine 150 år. Postopneri og dampskipsekspedisjon mangla heller ikkje, og bokhandel kom også.

I tidlegare tider var det noko småindustri i Eid kommune, og fleire mindre sagbruk. Her var kvernar og garveri, og eit par tønnefabrikkar. Rett etter 1900 var det også tre meieri; Nor Meieri, Stårheim Meieri og Haugen Meieri (i Naustdal). Handelsstaden Nordfjordeid mangla heller ikkje bank, ettersom Nordfjord Sparebank hadde etablert seg allereie i 1853.

I Fjordabladet frå fredag kan de lese meir om handelsstaden Nordfjordeid. Sjølv om Nordfjordeid kunne vise til variert handel også i tidlegare tider kan det ikkje samanliknast med korleis handelsstaden framstår i dag. Kjøpesenteret Alti Nordfjord kan også glede seg over rekordomsetning i fjor med heile 417 millionar kroner. Men sjølv om det blomstrar for nokre butikkar, er det andre som kan slite. Det er naturlege svingingar i marknaden, samtidig som dei fysiske butikkane har ein stor konkurrent i alle nettbutikkane som florerer og som vi synest er så lettvinte å nytte oss av.

Vi slår likevel eit slag for lokal handel. Men kanskje det er slik at vi ikkje veit kva vi har før vi står der ein dag med stengde dører. Då får vi stå der med skjegget i postkassa.