Dette er leiaren i Fjordabladet frå fredag 5. mai 2023.

Ungdom vil ikkje bli neglisjert. Dei vil bli høyrt, og ber politikarane kome på bana å høyre kva dei har å seie.

Fjordabladet var innom dei to samfunnsfagsklassene til 1. klasse ved Eid vidaregåande skule. Her var det ivrige ungdommar som hadde klare meiningar om både dei eine og andre. Nokre er litt oppgitte, og sit med kjensla av at dei vaksne politikarane ikkje gidd å høyre på ungdommen likevel. Andre meiner at ungdommen sjølv ikkje gidd å engasjere seg nok. Men ungdommen har eit poeng når dei viser til at dei er neste generasjon. Vi vaksne kan ikkje gløyme at det er dei som er framtida.

Kanskje er det nettopp desse ungdommane som sit med makta i framtida, bestemmer over kommunen sine økonomiske prioriteringar – samtidig som dei som er politikarar i dag er busett på ein eldreinstitusjon og deira pårørande etterlyser betre eldreomsorg og meir pengar til helse. Det viser at livet svingar opp og ned.

Men samtalen med elevane i samfunnsfag viser at dei er reflekterte ungdommar. Dei vil gjerne vite meir om dei lokale partia, og kva dei står for. Dei anar ikkje kven som er ordførarkandidatar, og at det for første gong er ni parti som stiller lister til årets kommuneval i Stad.

Her bør lokale parti kjenne si «besøkelsestid», og ungdommen ber politikarane kome meir på bana i forhold til skule – gjerne allereie frå ungdomsskulealder. Ungdommane si liste viser at det er eit bredt spekter av tema dei engasjerer seg i. Her nemner dei alt frå det å avgrense rusbruk i Stad, til å byggje gangvegar mellom Haugen og Nordfjordeid og på Stårheim. Ungdommane ønskjer seg også fleire idrettsanlegg/ og betre tilbod innan idrett. Dei ber også om at det vert tatt meir omsyn til klima, landstraum til cruiseskip, vindturbinar og bølgjekraft på Stadt. Kanskje kan det vere lurt at lokale politikarar høyrer på kva ungdommen meiner?